Vatn til alle – frå kyrkja

tv_aksjon_logo_586TV-aksjonen er berre nokre veker unna, nærare bestemt den 19. oktober. Kyrkjelydar er tradisjonelt gode støttespelarar til TV-aksjonane, og når midlane går til reint vatn, er det ingen grunn til ikkje å gi alt i haust.

Kirkens Nødhjelp er mottakar av pengane i år. Dei har, saman med Norges kristne råd og Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja, laga ressursmateriell til bruk i kyrkja. Det er ulike variantar til barnesamlingar, til møte og til tradisjonelle gudstenester. Mellom anna har Thore Thomassen laga songar og eit kreativt andaktsforslag, Kjell Nordstokke gir inspirasjon til preike og Sunniva Gylver har skrive bøner.

Det er òg skrive artiklar til bruk i kyrkjelydsblad.

Her finn de alt de treng til gudstenester og samlingar med vatn og TV-aksjon i høgsetet.

Alt om tv-aksjonen finn du her.

 

Denne artikkelen er i kategorien Barn og unge, Diakoni, Forbruk og rettferd, Gudstjenesteliv, Internasjonalt og tagget , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *