Utmelding.no

Vegen inn i kyrkja går gjennom vatn og dåp. Utmelding skjer på papir og med namnetrekk. (Foto: Kyrkjerådet)

Vegen inn i kyrkja går gjennom vatn og dåp. Utmelding skjer på papir og med namnetrekk. (Foto: Kyrkjerådet)

Det har dei siste dagane vore ein del merksemd om utmelding av Den norske kyrkja gjennom ei privat nettside kalla utmelding.no. Kva gjer vi med desse skriva?

På nettsida er det slik at personar som fyller ut skjema på nettsida, skriv ein signatur med datamusa og sender inn skjema sjølv eller via nettsida.

Desse utmeldingane er ikkje godkjende etter kyrkjelova. Les meir om grunngjevinga på kyrkja.no.

Kulturdepartementet seier no at utmelding kan skje ved at eit utskrive utmeldingsskjema som er underteikna og så scanna inn igjen, sendast på epost til kyrkjekontoret.

Personopplysningslova stadfestar at kyrkja ikkje kan sende personopplysningar (11-sifra personnummer og religiøs tilhøyrsel) på epost.

Les meir om medlemskap og lovverket her.

 

Denne artikkelen er i kategorien Kirkeordning, Kommunikasjonsarbeid og tagget , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *