Trusopplæringskonferansen 2013

Vil du vere ein del av denne gjengen i november? (Arkivfoto, Trosopplæringskonferansen 2012, Robert Holand)

Det er ti år sidan trusopplæringsreforma vart vedteke i Stortinget. Årets viktigaste konferanse på Norges Varemesse heiter Trusopplæringskonferansen 2013 Ringar i vatn. Meld deg på!

Dagen er onsdag 13. november. Staden er Lillestrøm. Programmet vert uforma i desse dagane, og det er klart at årets trusopplæringskonferanse skal markere at det er gått ti år sidan innføringa av reforma som har endra Den norske kyrkja.

Vi snakker om ei reform som har laga ringar i vatn. Saman skal vi sjå på kva ringverknader trusopplæringa har gitt i livet til barn og unge? Kva for effekt har reforma hatt for samfunn og kyrkje? Og korleis kan vi saman halde fram med å skape ringar i vatn?

Meld deg på her http://www.trosopplaringskonferansen.no Her finn du òg plakatar og flyers, slik at du kan få med deg fleire til denne årlege møteplassen for kollegaer frå heile landet.

Hugs at prisen blir høgare etter 9. oktober.

Konferansen vert arrangert av Iko – Kyrkjeleg pedagogisk senter og Kyrkjerådet.

 

Denne artikkelen er i kategorien Barn og unge, Diakoni, Gudstjenesteliv, Kommunikasjonsarbeid, Kultur.

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *