Trusopplæring i bilen

Grip sjansen og bli med dei unge på fest - og få djupe og lette samtalar på veg til og frå. (Foto: Haakon Sundbø)

Grip sjansen og bli med dei unge på fest – og få djupe og lette samtalar på veg til og frå. (Foto: Haakon Sundbø)

Kva med å ta med tre eller fire ungdommar i bilen og køyre dei til Skjærgårds i sommar? Det kreative forslaget kan gi både gode samtalar og musikalske opplevingar.

Det nye trusopplæringstiltaket er utvikla utvikla av Erik Wessman i Skjærgårds, i samarbeid med trusopplæringsrådgjevar Frode Eikrem i Agder og Telemark bispedømme. Eikrem har sjølv køyrt lokale ungdom, vore med på festivalen og fått fleire gode pratar på veg til og frå.
– Eg opplevde dette som gjevande da eg arbeidde som kateket. Både for meg og dei unge blei det ei fin oppleving både i bilen og på festivalen.

Dette er eit breiddetiltak som rettar seg mot ei aldersgruppe som ikkje har så mange tilbod, dei som er konfirmerte, men ikkje gamle nok til å køyre bil sjølv. Og kan hende er det ikkje så spanande å få foreldra til å køyre til festivalen.

Trusopplæringsrådgjevaren har forslag om kva som kan gje ein ekstra spiss på opplegget.
– Kva med å finne litt spanande køyrety, til dømes ein veteranbil eller ein cabriolet? Eller kanskje kan de få til ein el-bil-kortesje? Gjer turen litt ekstra attraktiv for tenåringane.

Prosjektet treng ikkje vere så vanskeleg å gjennomføre om ein ikkje bur så alt for langt borte frå Risøya og Tvedestrand. Det handlar om å

  1. få tak i ein godt vaksen som kan bruke ein dag og spandere bilskyss til dette
  2. sende ut invitasjon til målgruppa
  3. framsnakke opplegget i god tid før sommaren

Det er halv pris på Skjærgårds for ei bilpakke. Få fleire detaljer her.

Heilproff konsertoppleving på Skjærgårds Mission and Music på Risøya. (Foto: Haakon Sundbø)

Heilproff konsert på Skjærgårds Mission and Music på Risøya. (Foto: Haakon Sundbø)

 

Denne artikkelen er i kategorien Barn og unge, Diakoni, Kommunikasjonsarbeid, Kultur.

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *