Snart på Kyrkjebakken

Dagleg leiar i Kirkepartner, Inge Mauseth, og kyrkjeverge i Trondheim, Kjell Inge Nordgård, under kontraktssigneringa. Foto: Kyrkjeleg fellesråd i Trondheim

Dagleg leiar i Kirkepartner, Inge Mauseth, og kyrkjeverge i Trondheim, Kjell Inge Nordgård, under kontraktssigneringa. Foto: Kyrkjeleg fellesråd i Trondheim

Snart samlar dei tilsette i Kyrkjeleg fellesråd i Trondheim seg på Kyrkjebakken – intranettet for Den norske kyrkja.

Fredag 16. oktober underteikna Kyrkjeleg fellesråd i Trondheim og Kirkepartner IKT ein driftsavtale, slik at fellesrådet no går over til Kirkepartner sine ikt-løysingar.

– Vi har heile tida prinsipielt støtta tankane om at kyrkje-Norge bør samla seg om ein felles ikt-løysing. Og no har ikt-løysingane blitt så gode og tilgjengelge hjå Kirkepartner, at tida var moden å gå frå ord til handling, seier kyrkjeverge i Trondheim, Kjell Inge Nordgård til kirkeaktuelt.no.

– Vi har tru på at felles ikt-løysingar gjennom felles ikt-selskap er ein styrke for alle einingar i Den norske kyrkja, seier Nordgård, og ramsar opp:

  • med dei store organisatoriske endringane vi står framfor i kyrkja, vil felles ikt-løysingar vere ein vesentleg fordel i omstillingane. Eit kompetent felles ikt-selskap vil vere viktig i utviklinga av nye ikt-løysingar som understøtter nye organisatoriske løysingar etter kvart som desse trer fram
  • betre opplæringsmoglegheiter av tilsette i felles kurs
  • betre påverknad og tyngde i krav overfor programleverandørar med tanke på deira produktutvikling og produkttilpasning til det tilsette i Dnk har behov for i den operative kvardagen
  • ein gunstig kostnadsutvikling når det gjeld lisensar og produktutvikling
  • mindre administrative kostnadar knytta til anskaffelser og kontraktoppfølging
  • felles idenitet gjennom felles nettsider
  • ein god plattform for internkommunikasjon gjennom nytt intranett

På plass i november

Frå 12. november går Kyrkjeleg fellesråd i Trondheim over på IKT-plattforma til Kirkepartner. Same dag blir fellesrådet også ein del av intranettet til Den norske kyrkja – Kyrkjebakken.

Frå før er alle bispedømekontora i Dnk på Kyrkjebakken. Det same er Kyrkjerådet, KA, samt fellesråda i Oslo, Bodø, Åsnes, Etnedal, Gjerdrum og Heni, Gjøvik, Kongsberg, Orkdal, Selje, Vestby – og no Trondheim.

Alle kyrjelydane i Trondheim har i god stund vore på Kirkenettet – felles nettsideløysinga for alle einingane i Den norske kyrkja, og har gode erfaringar med dette.

– Vi er nøgd med design og dei moglegheitane for formidling som ligg i dei nye nettsidene, seier han.

Denne artikkelen er i kategorien Kommunikasjonsarbeid og tagget , , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *