Fem hovudseriar liturgisk musikk

kantorfotooyvindhaug586På Kyrkjerådets møte i Bodø i haust, var val av hovudseriar liturgisk musikk ei av sakene. Korleis det gjekk, kan du lese under her.

Då ny gudstenesteordning tok til å gjelde, første søndag i adventstida 2011, skulle gudstenestemusikken framleis prøvast ut lokalt, fram til endeleg vedtak i 2017. Utprøvingstida nærmar seg slutten, og det skal gjerast endeleg vedtak om liturgisk musikk på Kyrkjemøtet i 2017. Kyrkjerådet (KR) har no vedteke å sende fem ulike hovudseriar med liturgisk musikk ut på høyring. KR gi òg fleire andre tilrådingar knytt til den liturgiske musikken. Tilrådinga skal ut på høyring, som vil foregå i tida frå andre halvdel av oktober og fram til desember i år. Alle som ønskjer det, kan delta i høyringa, anten med eit fullstendig høyringssvar, eller med ein kort respons.

Omfattande høyring
Høyring på gudstenestereforma fann stad i tida frå hausten 2008 til hausten 2009. Materialet som kom inn i høyringa tyda på at kyrkjelydane generelt sett hadde prioritert andre krevjande høyrings- og utprøvingssaker framfor liturgisk musikk. Kyrkjerådet sitt kyrkjemusikalske utval (KMU) gav difor råd om at utprøvinga av liturgisk musikk skulle halde fram enno ei tid. Kyrkjemøtet 2010 følgde tilrådinga frå KMU. Permen «Liturgisk musikk for Den norske kyrkja» kom ut i 2011, og i føreordet står det mellom anna å lese: «Når Kirkerådet sender dette omfattende materialet til utprøving i menighetene, skjer det med tanke på en senere evaluering av musikken.»

Handsaming fram mot Kyrkjemøtet
Eit nytt utval, Liturgisk musikkutval (LMU) starta sitt arbeid i januar 2015, og arbeidde seg gjennom heile materialet med musikk i permen «Liturgisk musikk for Den norske kyrkja» (Eide, 2011), samt anna materiale Kyrkjerådet har fått inn i løpet av den perioden utprøvinga har funne stad. LMU har hatt relevante rapportar og fagartiklar å stø seg på, mellom anna forskningsrapporten «Noe falt i god jord – Den norske kirkes gudstjenestereform sett fra menighetsnivå» (KIFO-rapport 2013:2), utvalde artiklar frå «Gudstjeneste á la carte: Liturgireformen i Den norske kirke» (Verbum akademisk 2015. Red. Anne Haugland Balsnes mfl.) og svara frå Quest Back-undersøkinga om liturgisk musikk som gjekk ut på nyåret 2015.
Kyrkjemøtet i Trondheim i april handsama KM 05/15 Utprøving av liturgisk musikk. Her slutta Kyrkjemøtet (KM) seg til tidsplanen om høyring hausten 2015 og endeleg vedtak i 2017. Samstundes gav KM konstruktive innspel til prosessen, og bidrog til å konkretisere og tydeleggjere oppgåvene som stod att.

Tilråing om fem hovudseriar
Kyrkjerådet rår no til at vi får fem «hovudseriar» å velgje mellom. Mellom desse er det tre «allmenne seriar», Allmenn 1, Allmenn 2 og Allmenn 3, samt ein serie som er tenkt til bruk i festtidene, og ein serie til bruk i fastetida. I tilrådinga har Liturgisk musikkutval teke vare på mykje av det vi kjenner frå før, som bør leve vidare, samstundes med at utvalet har gitt plass til mykje av det nye og verdfulle tilskotet frå permen med liturgisk musikk som kom ut i 2011. Utvalet har òg vurdert anna liturgisk musikk, mellom anna all den nyskrivne liturgiske musikken som har kome ut i løpet av gudstenestereforma. Annan liturgisk musikk enn hovudseriane kan nyttast ved særskilte høve, noko som òg var praksis før ny gudstenesteordning.

Kjent og kjært
«Allmenn 1» er den serien «alle kjenner», som vi har hatt som gudstenestemusikk i Den norske kyrkja heilt sidan 1977. Hovudseriane Allmenn 2 og Allmenn 3 er to seriar som på kvar sin måte utvidar det musikalske spekteret innanfor dei tradisjonelle rammene av ein allmenn serie i Den norske kyrkja.

Kyrkjerådet vurderer det slik at dei tre allmenne seriane og dei to kyrkjeårsvariantane ivaretek eit behov for variasjon og breidd. Det vil framleis vere stort rom for å variere musikalsk uttrykk i ei gudsteneste utover det vi har i dei fem hovudseriane. Tilrådinga opnar for framleis variasjon og ulike musikalske uttrykk både i salmesong, gjennom instrumentalmusikk og i andre ledd i gudstenesta. Samstundes er det eit mål at tilrådinga samlar kyrkjelydane om eit felles repertoar av liturgisk musikk, som vi både på kort og lengre sikt kan kalle folkeeige.

Kva bør gjerast lokalt – etter vedtak?
Kyrkjemøtet har sagt at «Sjølv om den liturgiske musikken er godt innsungen i ein kyrkjelyd, vil somme likevel trenge tid og hjelp til å verte kjent med musikken på ein slik måte at han kan bli ein del av deira «liturgiske språk». Når kyrkjelyden har gjort endelege vedtak om kva for liturgisk musikk som skal vere fast hovudserie, bør ein aktivt arbeide for at denne musikken vert kjent og innsungen i heile kyrkjelyden, også mellom dei som går sjeldnare til gudsteneste.»

(Foto: Øyvind Haug)

Denne artikkelen er i kategorien Gudstjenesteliv, Kirkemusikk, Kommunikasjonsarbeid og tagget , , , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *