Speiderkonfirmant

Konfirmasjon+speiding=suksess. (Foto: Ørjan Apeland)

Konfirmasjon+speiding=suksess. (Foto: Ørjan Apeland)

I desse vårdagane med tenåringar i kvite kappar over alt, er det fint å vite at  ein kan drive konfirmantundervisning på ulike vis. KFUK-KFUM-speidarane har eit opplegg som kan passe dei som trivs med å vere ute.

Å vere speidar, er mellom anna å ta vare på skaparverket og kvarandre. Ei sunn sjel i ein sunn lekam, er også noko både kyrkja og speidarane kan einast om.

Tilbodet til kyrkjelydane som vil prøve noko nytt for sine konfirmantar, ligg på ressursbanken.no. Her er mellom anna forslag til 13 samlingar, ei innføring i merkene og måla for samlingane, samt ei rekkje tips og praktiske oppgåver.

Last ned heile opplegget her.

Denne artikkelen er i kategorien Barn og unge, Diakoni, Forbruk og rettferd, Gudstjenesteliv og tagget , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *