SMM på kyrkja.no

Skjermdump av SMM - i ny drakt og på god plass på kyrkja.no.

Skjermdump av SMM – i ny drakt og på god plass på kyrkja.no.

«Samarbeid menighet og misjon» (SMM) har hatt eiga nettside fram til no – men endeleg er ressurssida ein del av kyrkja.no, eller kirken.no. Overgangen blir feira med ein quiz!


Den uhøgtidelege quizen skal avsløre kor mykje du kan om Den norske kyrkjas globale engasjement gjennom dei sju SMM-organisasjonane, og det er premier. Frist er satt til 1. september.

Dagleg leiar og tilsett i Kyrkjerådet, Knut Hallen, er glad SMM omsider er på same plattform som anna kyrkjelege nettverk. Men han presiserer at det framleis er ein prosess som pågår.

– Vi driv no og flytter stoff over frå den gamle sida så ein må ikkje bli skuffa over at det ikkje er overvettes mykje stoff der so langt. Men vi er i gong!

Meir og betre på sikt
Det er fleire grunnar til at SMM no er å finne på hovudsida til Den norske kyrkja.

– Omlegginga gjer at ressursane til kyrkjelydane no blir lettare å finne, når alt er samla ein plass. Det er også en synleggjering av at Samarbeid menighet og misjon  er en intergrert  del av kyrkja sjølv. Dette er vårt felles arbeid; kyrkje og misjonsorganisasjonar saman!

Målet no er at samarbeidet med misjonsorganisasjonene gir ressursar inn i sokna sitt daglege arbeid, samstundes med at kyrkjelydane framleis blir utfordra til å gjere ein skilnad gjennom det globale arbeidet. Dette gjeld ikkje minst i trusopplærings- og gudstenestearbeidet, der organisasjonane i større grad har byrja å utvikle og tilpasse ressursar som er til nytte og glede for kyrkjelyden.

Takk for tips!
Hallen har ei utfordring til alle: Gi gjerne innspill og stoff til sida til ansvarleg redaktør Knut Hallen eller webredaktør Olav Svanholm. Saman kan vi gjere dette til ei matnyttig ressursside som styrker samanhengen mellom den lokale og den globale kyrkja.

SMM-sida finn du her.

Denne artikkelen er i kategorien Gudstjenesteliv, Internasjonalt, Kommunikasjonsarbeid, Økumenikk og tagget , , , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *