Slagord klart for kyrkjevalet

Det vert endringar i valordninga til Kyrkjevalet.

Kyrkjevalet – Skapar framtidas kyrkje. Dette blir overskrifta for kommunikasjonsarbeidet framfor Kyrkjevalet i september 2015.

Valsekretariatet i Kyrkjerådet har valt dette slagordet etter både interne og eksterne panelundersøkingar. Det er eit slagord som syner positiv vilje til endring – det motsette av å streve for å halde fast på fortida.

– Slagordet kommuniserer at kyrkja fornyar seg saman med samfunnet, og får fram toleranse og ei haldning som er open for endringar, seier påtroppande kommunikasjonsdirektør i Kyrkjerådet, Ingeborg Dybvig.

– Eg synst dette er eit dugeleg slagord for kyrkjevalet i den perioden Den norske kyrkja er inne i dei nærmaste åra. Ny leiarskap i kyrkja skal finna fram til nye ordningar og ta på seg nytt ansvar. Kyrkjevalet er ikkje ein kampanje der eit slagord skal vere bærande. Men ein felles hovudoverskrift er nyttig i det samla kommunikasjonsarbeidet, avsluttar direktøren.

Ved Kyrkjevalet i 2009 var overskrifta/slagordet Kva slags kyrkje vil du ha?
Ved Kyrkevalet i 2011 var overskrifta/slagordet Hvis kyrkja er viktig . . .

Alt om kyrkjevalet finn du her.

 

Denne artikkelen er i kategorien Kirkeordning, Kommunikasjonsarbeid og tagget , , .

En kommentar til Slagord klart for kyrkjevalet

  1. Hilde Kayser Rohde sier:

    Eg er ikkje samd i at dette ar eit godt slagord. For det fyrste: genitiv s kling ikkje godt på nynorsk. For det andre: når ein nyttar bindestrek bør ordklassen vere den same på begge sider. Her kjem det først eit substantiv, dernest eit verb. Eigentleg har ein her brukt ein setning som gir meining: Kyrkjevalet skapar framtidas kyrkje. Men så har ein altså delt opp setninga med ein bindestrek. Dermed vert det eit «meiningslaust» slagord (sjølv om dei aller fleste vil skjøna kva som meines)

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *