Salmesuksess

Rett før det brakar laus, her er programleiar Camilla Tjønn Thingvoll saman med prosjektleiar for Norsk salmebok 2013, Vidar Kristensen. (Foto: Skjermdump fra NRK)

Rett før det brakar laus, her er programleiar Camilla Tjønn Thingvoll saman med prosjektleiar for Norsk salmebok 2013, Vidar Kristensen. (Foto: Skjermdump fra NRK)

Kven hadde vel våga å tru at 2,2 millionar menneske skulle sjå på langsam-tv med salmesong? Det er fasiten etter at første helg i adventstida blei fylt med 60 timar kontinuerlig salmesong på tv.

NRK 2s salmemaraton frå Vår Frue kyrkje i Trondheim og utvalde stader rundt om i landet ble særs vellukka, med i snitt 87 000 sjåarar til einkvar tid.

Boksuksess
Kyrkjerådet og Eide forlag ga ut Norsk salmebok for eitt år sidan. Og til no har dei selt om lag 175 000 salmebøker av ulikt slag. Den raude er trykt opp i sju opplag så langt. I Trondheim gjekk bokhandlarar tomme for salmebøker, truleg var det mange av dei 17 000 som var innom Vår Frue kyrkje som ville ha ei eiga salmebok, eller som kom på at det var ein fin gaveidé no i julestria.

Pocketsalmebøker i «alle» hus
I om lag 40 prosent av alle kyrkjelydane blei også Lys vaken med salmefokus arrangert ei av helgene før jul. Alle kyrkjelydane som ønskte det, fekk pocketutgåva av salmeboka til utdeling til alle 10- og 11-åringane som deltok på hendinga. Faktisk blei lageret til Eide heilt tømt for dei brune pocketbøkene før jul, for med salmefokus i fire av ti kyrkjelydar, ble salmeboka sendt med heim med 7000 ungar.

No er det opp til kyrkjelydane å halde merksemda oppe rundt salmesongen. Kyrkjerådet og Bispemøtet sende ut eit brev med ei rekkje tips til å halde liv i den lokale salmegleda, etter NRKs Salmeboka minutt for minutt.

Julesalmar minutt for minutt
Eit konkret tips på tampen – kva med å gjere som i Holmlia kyrkjelyd i Oslo – og erstatte andre juledags-gudstenesta med «Julesalmane minutt for minutt». Der skal dei synge heile kapittelet med julesalmar på gudstenesta, eller 45 salmar om Jesu fødsel og høgtida vi går inn i.

Her er brevet frå Kyrkjerådet og Bispemøtet med tips til deg.

Lys våken-ressursar i ressursbanken.no

God songjul til kvar og ein!

Denne artikkelen er i kategorien Gudstjenesteliv, Kirkemusikk, Kommunikasjonsarbeid.

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *