Prosjektmidlar klare

Prosjekta som får tildelingar skal vidareutvikle trusopplæringa i Den norske kyrkja - og gjere den til ein enda betre stad for dei unge. (Foto: Stian Gustafsson)

Prosjekta som får tildelingar skal vidareutvikle trusopplæringa i Den norske kyrkja – og gjere den til ein enda betre stad for dei unge. (Foto: Stian Gustafsson)

Det er no bestemt kven som får prosjektmidlar til utvikling av trusopplæringsreforma; heile 24 mottakarar står på lista.

– Desse prosjekta vil gi gode ressursar for vidareutvikling av trusopplæringa i Den norske kyrkja, seier Kristine Aksøy, leiar for seksjon barn, unge og trusopplæring i Kyrkjerådet.

-Vi fekk mange gode søknader på alle dei etterspurte områda, i tillegg til fleire andre relevante tema.

Mange søkarar
Organisasjonar, faginstitusjonar, kyrkjelydar og andre fagmiljø var invitert til å søke prosjekt i lys av reformens målsettingar og utfordringar.
Åtte forsking- og fagutviklingsprosjekt, ti metode- og materiellutviklingsprosjekt og seks lokale utviklingsprosjekt vart innvilga. Det kom inn 60 søknader frå organisasjonar, faginstitusjonar og kyrkjelege organ.

– Utlysninga var open, innafor ramma av Trusopplæringsreforma, seier Kristine Aksøy.

– I år peika vi i tillegg på fem aktuelle utfordringar i kyrkja sitt arbeid for barn og unge: Teologiske og pedagogiske ressursar for å arbeide med dåp i trusopplæringa, trusopplæring for unge etter konfirmasjonstida, samvirke mellom tidsavgrensa tiltak i trusopplæringa og kontinuerleg arbeid for barn og unge og korleis kan trusopplæringa motivere unge til å velje kyrkjeleg utdanning og teneste? I 2017 er det 500 år sidan reformasjonen. Ressursar og tiltak som aktualiserer reformasjonens tema for barn og unge i dag var derfor eit særskilt punkt i utlysninga.

Kvifor utviklingsmidlar?
Målet med utviklingsmidla er å bidra til at
– barn og unge gjennom dåp og opplæring kan leve og vokse i den kristne trua
– tilsette og frivillige i kyrkjelydane får økt kompetanse til å tilby ei trusopplæring for alle
– Trusopplæringsreforma blir vidareutvikla i Den norske kyrkja – lokalt, regionalt og nasjonalt

Her er lista over mottakarar og titlar på prosjekta:

  • Bjørgvin bispedømme: Martin si vidunderlege verd. Ei pedagogisk forundringspakke
  • Blå Kors Norge: Sunt og Sant for tweens
  • Bragernes menighet: Julekrybbe – stort format
  • Det teologiske fakultet: Reformasjonen og Bibelen: Et didaktisk filmprosjekt
  • Det teologiske Menighetsfakultet: Dåpens teologi
  • Det teologiske menighetsfakultet: Trosopplæring, kirkelig utdanning og tjeneste
  • Døvekirken – Døveprostiet: Konfirmanttekster på app
  • Førde kyrkjelege fellesråd: Synleggjere kyrkja som arbeidsplass
  • IKO – Kirkelig pedagogisk senter: DELTA – Ungdom 15-18 år
  • Kattas Figurteater Ensemble: Katharinas stemmer
  • KIFO: Barnenattverd
  • Kirkene i Gamle Oslo: Religionsdialogisk festival som trosopplæring
  • NLA Høgskolen Bergen: Ledelsesdynamikker i kristent ungdomsarbeid og trosopplæring
  • Norges KFUK-KFUM: Gaven
  • Norges KFUK-KFUM-speidere: Dragekjemperne
  • Nærøy kirkelige fellesråd: GULLIVER, søndagsskole på lørdager
  • Presteforeningen: Kirkelige ansattes samtaler med barn og ungdom
  • Skrifthuset AS: Takk for i dag – en digital dult mot døpefont og dåp
  • Tore Thomassen tekst & musikk: HVEM BANKER?
  • Ulstein sokn: Kvardagsleir
  • Ung kirkesang: Konferanse om sanger og salmer i trosopplæringen
  • VID vitenskapelige høgskole: Det lutherske dåpssyn i trosopplæringen
  • VID vitenskapelige høyskole: Trosopplæring, kirkelig utdanning og tjeneste
  • Åarjelhsaemine Teatere AS: Jupmelen Gïele / Guds stemme
Denne artikkelen er i kategorien Barn og unge og tagget , , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *