Pilegrim i orgelsko

Morgondagens kantorar sprer glede for mange! (Foto: Per Astrup Andreassen)

Morgondagens kantorar sprer glede for mange! (Foto: Per Astrup Andreassen)

Pilegrim i orgelsko er eit nasjonalt prosjekt som ønskjer å gi større plass for barn og ungdommar på orgelkrakken. No kan dei unge orgelspirane samlast i Trondheim.

Pilegrim i orgelsko er inspirert av Orgelskolen i Re, ved Bjørn Vidar Ulvedalen, og av dei andre orgelklubbane og orgelpedagogane som driv eit framifrå arbeid på feltet, rundt om i heile landet. Kyrkjerådet ønskjer å støtte og motivere til framleis utvikling av denne orgelpedagogiske verksemda, og til formidling og deltaking i kyrkjemusikalsk verksemd for barn og unge. I tillegg kan prosjektet bidra til rekruttering til studier og yrkesliv som kantor.

Nokre stikkord om Pilegrim i orgelsko (PIO) 2016:

  • Første prosjekt finn stad i Nidarosdomen og Ilen kyrkje, Trondheim
  • Workshop/meisterklasse 10.-12. mai
  • Konsert med barna, saman med organist og komponist Nils Henrik Asheim i Nidarosdomen under Olavsfestdagane, 5.-6. august
  • Ungdomskor medverkar i konserten
  • Fagleg oppfølgjing ved orgelpedagog Bjørn Vidar Ulvedalen undervegs i prosjektet, gjennom våren 2016. Nils Henrik og Bjørn Vidar har med seg to unge kyrkjemusikkstudentar i lærarteamet, Martine Bæver Larsen (student ved Noregs musikkhøgskole) og Andreas Pettersen (student ved institutt for musikk ved NTNU).

Se oppdatert sak om PIO-prosjektet (Pilegrim i orgelsko) her.

Austlandet neste
Planen er at det neste prosjektet finn stad under Hovland-festivalen i Fredrikstad, til hausten. Deretter vil det følgje fleire ulike PIO-prosjekt, knytt til festivalar rundt om i heile landet. Barn og ungdommar får undervisning av ein eller fleire profesjonelle musikarar, og saman lagar barna og dei profesjonelle musikarane ein konsert. Det ligg i planene at kvart av PIO-prosjekta har ein unik profil, som vert til i samarbeid med den enkelte festival.

Kva skjer vidare?
Kva rolle vil kyrkjeorgelet spele i Den norske kyrkja, no og framover? Det er ikkje heilt utenkjeleg at det nettopp er dei unge som kan gje svar på det spørsmålet. Kva skjer når sjølvaste domkantoren låner bort orgelkrakken sin til barna?
For meir informasjon, ta kontakt med Kyrkjerådets rådgjevar for kyrkjemusikk Hildegunn Opstad Smørgrav på telefon 23 08 12 59 eller e-post hs484@kyrkja.no.
Søknadsfrist for å delta i det første Pilegrim i orgelsko, er 15. mars 2016.

Her er brosjyra med all informasjon om Pilegrim i orgelsko.

Bakgrunn
Den norske kyrkja har eit kontinuerleg behov for både organistvikarar og kyrkjemusikarar i faste stillingar. Erfaringar med orglet som ein positiv arena vil kunne påverke yrkesvalet til å gå i retning av kyrkjemusikaryrket. Det er òg grunn til å tru at orgelundervisning for barn verkar rekrutterande til stillingar, i eller utanfor kyrkja, der kjennskap til kyrkja og musikken utgjer ein verdfull kompetanse for dei sjølve, så vel som for kyrkja og samfunnet.

Gratis kurs – og premie
I samband med Bodø internasjonale orgelfestival, er det ein open orgelkonkurranse for unge mellom 13-20 år – unge som ikkje har byrja på høgare utdanning innan musikk. Vinnaren får gratis plass på Pilegrim i orgelsko, og det er pengepremie for 1., 2. og til 3. plass i konkurransen.

Les meir om orgelkonkurransen her.

Denne artikkelen er i kategorien Kirkemusikk, Kultur og tagget , , , , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *