– Nydeleg julebok

idedagerbilde586Boka «I de dager…» med nyskrivne juleforteljingar av Jon Fosse, Ragnar Hovland, Ruth Lillegraven, Gro Dahle og Levi Henriksen er no lansert.

24 norske forfattarar har skrive nye adventsforteljingar basert på juleevangeliet. Tekstane blei først publisert som adventskalender på kyrkja.no i 2015 og er no samla i bokform, utgjeven på Verbum forlag.

– Det er blitt ei nydeleg bok forma av designbyrået Yokoland. Omslaget ser nesten ut som gåvepapir, med gullskrift, seier Brynjulf Jung Tjønn.

Han har vore redaktør for boka og er strålande nøgd med resultatet.

– Vi ynskte å gi norske forfattarar frie tøyler til å skrive ei juleforteljing basert på juleevangeliet. Vi var særs spente på resultatet. Men då tekstane byrja å kome inn, var vi aldri i tvil. Dette var veldig bra. Det er mange tankevekkande og gode tekstar i boka. Vi har stort mangfald blant bidraga. Her er det både kjende og litt meir ukjende forfattarar, men alle skriv litteratur av høg kvalitet, seier Jung Tjønn.

Måler i lyset frå Gud

Jon Fosse skriv blant anna om ein mann som måler kunst i lyset frå Gud. Levi Henriksen skriv om Josef og Jesu fødsel. Gro Dahle om familien som fekk det siste rommet i herberget. Fleire skriv sterkt om Maria og om korleis det var for henne å få bodskapen frå Gud om å bli Jesu mor.

– Og forfattarar som Lars Petter Sveen, Jørgen Norheim og Håvards Syvertsen set juleevangeliet inn i eit dagsaktuelt tema: flykningkrisa, seier Jung Tjønn.

Redaktøren vonar at «I de dager…» blir ei bok som kan få lesarane til å stoppe opp og reflektere over julebodskapen.

– Førjulstida er ei hektisk periode. Men eg vonar at folk kan stresse litt ned og lese ei forteljing kvar dag i adventstida.

Han meiner også at «I de dager…» er ei perfekt julegåve.

– Dette er ei bok som ein kan ta fram igjen jul etter jul. Vi veit også om kyrkjelyd og fellesråd som har kjøpt boka for å gi i gåve til sine tilsette.

 

Denne artikkelen er i kategorien Kommunikasjonsarbeid.

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *