På flukt i jula

Lavania er like mange år som hu har fingre på den eine handa. (Foto: Håvard Bjelland/Kirkens Nødhjelp)

Lavania er like mange år som hu har fingre på den eine handa. (Foto: Håvard Bjelland/Kirkens Nødhjelp)

Ikkje alle feirer jul i eit trygt land og med familien til stades. Men la kyrkjebladlesarane få høyre om røynda andre stader i verda, gjennom denne artikkelen, spesiallaga av Kirkens Nødhjelp til kyrkjeblad.

La fleire fylla fem!

Lavania (5) fra Sinjar er på flukt frå IS saman med familien sin. I flyktningleiren Kabarto i Nord-Irak sikrar kyrkjelyden vår saman med Kirkens Nødhjelp reint vatn til 28 000 menneske. Offeret til Kirkens Nødhjelp i jula går til arbeidet med å gje fleire born ei framtid.

Lavania og familien hadde eit godt liv i Sinjar, med eige hus i landsbyen Ger Azir. Så gjekk IS til åtak.

– Vi høyrde skot og bomber og flykta til Sinjar-fjellet. Lavania var berre tre år gamal den gongen, og ho sa heile tida at ho trudde IS kom til å drepa oss, fortel mora Jazia Hassan. Familien miste besteforeldre og ei tante og ein onkel som vart att i landsbyen. Dei veit framleis ikkje kva som skjedde med dei.

– På Sinjarfjellet, der vi var i ni dagar, hadde vi problem med mat og vatn. Vi drakk mjølk fra sauer, fortel Jazia.

No har familien funne tryggleik i leiren Kabarto, eit stykke utanfor Dohuk. Her bur 28 000 menneske i kvite telt på rekke og rad, så langt auga kan sjå, midt i den tørre øydemarka. Kirkens Nødhjelp sikrar reint vatn og gode sanitærforhold for flyktningane. Dei gjev også hygieneopplæring til borna.

– Livet i leiren er bra. Eg har fått mange nye vener her, men eg hugsar veninnene mine frå Sinjar. Eg håpar eg får treffa dei att, seier Lavania.

Det er godt å vere samman med far sin, Khiri Saido, i Kabarto leir utenfor Dohuk i Nord-Irak. (Foto: Håvard Bjelland/Kirkens Nødhjelp)

Det er godt å vere samman med far sin, Khiri Saido, i Kabarto leir utenfor Dohuk i Nord-Irak. (Foto: Håvard Bjelland/Kirkens Nødhjelp)

Viktig bursdag
Kvart minutt døyr elleve born som enno ikkje har rukke å fylla fem år. 98,7 prosent av desse borna vert fødde i fattige land, og vassrelaterte sjukdomar er mellom dei viktigaste dødsårsakene. Fødselskomplikasjonar, feilernæring, meslingar og lungebetennelse er andre viktige årsaker.

Saman med vår eigen organisasjon, Kirkens Nødhjelp, bidreg kyrkjelyden i/på <namn på kyrkjelyd> til å sikra ein trygg fødsel, gode helsetenester, reint vatn, ernæring og tryggleik til born i fattige land og til born som er på flukt.

Å fylla fem år kan samanliknast med å kryssa ei bru. Når ein har fylt fem, er sjansen for faktisk å få veksa opp langt betre

Lavania fylte fem år i flyktningleiren Kabarto

– Når eg blir stor, har eg lyst til å bli lege, fortel ho.

Eit barn er født
I jula feirar vi barnet som vart født i ein stall for 2000 år sidan. Denne jula vil vi også minna om borna som vert fødde inn i vår verd i dag – i fattige land som Malawi og Etiopia, eller på flukt frå krig og liding i Syria og Nord-Irak. Tenkjer du deg på julegudstenesta, vonar vi du vil gje ei gåve til arbeidet vi gjer saman med Kirkens Nødhjelp. Hugs å ta med kontantar til kollekten. La fleire fylla fem!

Her har du artikkelen med fleire bilete, på

Ta kontakt med Marita Haakenstad (mrh@nca.no) om du treng større bilete.

Denne artikkelen er i kategorien Diakoni, Kommunikasjonsarbeid og tagget , , , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *