Nettverk for Midtausten

Gode vener i Midtausten er glade for vener og nettverk også i Noreg. (Foto: T. Hauger)

Gode vener i Midtausten er glade for vener og nettverk også i Noreg. (Foto: T. Hauger)

Venskap og medvandring er tema når Borg bispedømme og Mellomkyrkjeleg råd byr inn til samling i april. Og det vil vere fokus på etisk pilegrimsreise og søsterkyrkjerelasjon med Den evangelisk lutherske kyrkje i Jordan og Det heilage land (ELCJHL) denne dagen.

Samlinga er særleg tilpassa kontaktpersonar i kyrkjelyden, bispedømmet eller organisasjonar som har ein relasjon til ulike aktørar i Midtausten. Også andre kontakt- og ressurspersonar med engasjement knytt til Midtausten vil truleg få eit godt utbytte av å vere i Borg denne tysdagen i april.

Midtausten-nettverkssamlinga vil vere eit godt stad å treffe andre med engasjement for Midtausten, og dagen blir avslutta med arabisk mezah festmiddag.

Tid og stad er 24. april i Borg bispegård i Fredrikstad

Last ned programmet for dagen her.

 

Denne artikkelen er i kategorien Internasjonalt, Økumenikk og tagget , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *