Møtast vi snart?

Utsnitt frå heimesida til konferansen - som freistar med Petter Normann Dille, Maria Tryti Vennerød, ymse seminar og god mat.

Utsnitt frå heimesida til konferansen – som freistar med Petter Normann Dille, Maria Tryti Vennerød, ymse seminar og god mat.

No er det berre nokre dagar til Trosopplæringskonferansen er i gong. Framleis er det plass til fleire på konferansen 19. oktober, om du vil ha inspirasjon til arbeid blant barn og unge.


Som kjent er tema i år Ansikt til ansikt. Mange har vore på ei lang rekkje trusopplæringskonferanser, og det er noko nytt å oppleve og erfare kvar gong.

Nådefulle smakebitar
I år blir førestillingar om Nåde syna for fyrste gong. Det blir smakebitar frå dei varierte førestillingane som alle kretsar kring reformasjonens tema. Desse førestillingane kan tingast til kyrkjelydar i reformasjonsfeiringa neste år.

Musikalske høgdepunkt
Så blir det musikarar frå øvste hylle, kapellmeister Andreas Utnem har fått med seg Tuva Syvertsen, Paola Vinaccia, Trygve Seim og Gjermund Larsen.

Følg med på Facebook, og legg inn bilete på instagram med #ansikttilansikt og #trosopplæringskonferansen

Denne artikkelen er i kategorien Barn og unge, Gudstjenesteliv og tagget , , , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *