Mørketid

Skru av lyset i 60 minutter lørdag før palmesøndag! (Ill: Offisiell logo for Earth Hour)

Skru av lyset i 60 minutt laurdag før palmesøndag! (Ill: Offisiell logo for Earth Hour)

 

Vil du vere med i verdas største klimamarkering Earth Hour? Ein time utan elektrisk lys er mest symbolsk, men og litt effektivt – bli med inn i mørkret 28. mars klokka 20.30-21.30.

Kvart år sløkker over ein milliard menneske over heile verda av lyset for å syne at vi står saman i kampen mot klimaendringane. Berre i Noreg gjer to millionar menneske det same.

Kvart år er det Earth Hour-arrangement du kan vitje over heile landet. Konsertar, historieforteljing i skinet frå peis og stearinlys, fakkelslalåm, stands og utstillingar er noko av det nordmenn kan få med seg denne dagen. Earth hour handlar om å sende eit symbolsk bodskap til mynde om at folk over heile verda engasjerer seg for miljøet. Alle er viljuge til å bidra til ein felles klimadugnad.

Den norske kyrkja har tradisjon for å delta på Earth Hour og alle kyrkjelydar oppmodas til å gjøre det same i år. Ved å følgje denne lenka kjem du til påmeldingsskjema for Earth Hour.

Denne artikkelen er i kategorien Forbruk og rettferd, Internasjonalt og tagget , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *