Misjonsveteran i ny drakt

NMS anno 2016 - med blikket framover.

NMS anno 2016 – med blikket framover.

Noregs fyrste misjonsorganisasjon, NMS, er utsjåandemessig ikkje til å kjenne att. Med nytt namn, ny logo og nye nettsider er spørsmålet – er det også nytt innhald i organisasjonen?

 – Det handlar om å framstille NMS og arbeidet vårt på ein måte som overraskar og engasjerer menneske ved å vise kor aktuell, moderne, nyskapande og viktig trua vår er, seier Marit Mjølsneset.

Ho er prosjektleiar for omprofileringa av organisasjonen som no faktisk heiter NMS, ikkje Det Norske Misjonsselskap.

– Misjonsarbeidet er det same, endringane me no gjer handlar om å på ein betre måte kommunisere alt det gode arbeidet me gjer saman med partnarane våre rundt i verda. Dette ynskjer me å få til med blant anna auka fokus på historiefortelling, eit enklare og meir engasjerande språk, eit moderne visuelt uttrykk og lettare tilgang på god informasjon gjennom gratis Misjonstidende og nye nettsider, fortel Marit Mjølsneset. Ho er prosjektleiar for omprofileringa av NMS.

Berre NMS
– På folkemunne har vi blitt kalla både Selskapet, Misjonsselskapet og NMS. Dette tek vi no fylgjene av, og landsstyret i organisasjonen har vedteke at Noregs første misjonsorganisasjon skal profilerast under namnet NMS. Denne endringa trur me blir positiv både ovanfor våre trufaste gjevarar og eventuelle nye.

 Og med nytt namn, var det klart at det måtte utformast ein ny logo.

– Ei naturlig fylgje av navneendringa er at vi har jobba fram ein ny logo. Vi tok med oss to element frå den gamle logoen; krossen og jordkloden. Logoen symboliserer vår visjon om ei levande kyrkje over heile verda,  fortel kommunikasjonssjef Sigurd Egeland.

Nye nettsider
Han fortel at også nettsidene til NMS, nms.no, har fått ei grundig oppfrisking.

– Vi syns sidene på ein god måte får presentert dei tre hovudtemaa vi jobber med, nemlig å dele trua på Jesus, kjempe mot urett og utrydde fattigdom. Også Misjonstidende har fått nytt uttrykk og blir no gratis for mottakarane. Dette trur vi er bra, og noko som gjer at fleire blir kjende med kven vi er og kva vi gjer, seier Egeland.

Så er spørsmålet – oppi alt dette nye – kva er att av det gamle, kjende?

– For kyrkjelydar som har misjonsavtaler med NMS er den største endringa at ein går frå prosjekt- til landfokus. Dette fører til færre val for kyrkjelydane og det gjer oss i stand til å sikre betre informasjon. Alle kyrkjelydar med misjonsavtale med NMS vil bli kontakta om endringane. Nytt materiell blir laga og nettsidene er betre tilrettelagt med tanke på kyrkjelydar, avsluttar Marit Mjølsneset.

Dei nye nettsidene finn du her: nms.no

Denne artikkelen er i kategorien Diakoni, Gudstjenesteliv og tagget , , , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *