Fotobruk

Menighetsblad – fotobruk

Fotografering

Gode bilete er det alltid bruk for, både i eiget kyrkjelydsblad, til eigen heimeside og til andre media. Men kva kan ein ta bilete av, og kva kan publiserast kor?

Generell godkjenning

Det beste er når du kan få løyve på førehand. Når til dømes barn deltek på ein fast aktivitet i kyrkja eller ei enkeltståande hending, er det lurt ved påmelding å be føresett krysse av for om

  • barnet kan fotograferast
  • biletet kan brukas i eigne trykte publikasjonar
  • biletet kan leggjas ut på kyrkja sine heimesider
  • biletet kan trykkas i lokalavis eller liknande

Det er ofte lurt å avklare at ein berre nyttar førenamn på barnet, og eventuelt alder i tillegg.

Utan løyve

Om ein ikkje har henta inn løyve til å publisere biletet, er det greitt med faste retningslinjer for bruk. Ifølgje Norsk presseforbund kan det framleis vere uproblematisk å publisere bilete frå kyrkja sine arrangement. Dette gjeld når den avbilda personen er i ei større gruppe med fleire personar, til dømes i eit kor, eller i ein konfirmantflokk. Dersom den mindreårige deltek saman med andre i eit kyrkjeleg arrangement, og biletet vert nytta i ein ikkje-kontroversiell samanheng, er det ok å bruke det også utan løyve. Det viktigaste er altså i kva for ein samanheng biletet vert nytta.

Enkeltløyve

Der berre nokre få barn (1 til cirka 3-4) er avbilda, må ein få godkjenning frå føresette før ein publiserer bildeta. Dette er spesielt viktig når bildeta skal nyttast i ein kritisk samanheng. Men normalt er det altså uproblematisk å publisere «positive bilete i ein positiv setting».

Papir eller nett?

Det er i prinsippet ikkje skilnad på kor bilda offentleggjeras, om det er til eiget kyrkjelydsblad, til kyrkja si heimeside eller til eksterne media. Retningslinjene over er dei same. Mange er likevel meir skeptiske til publisering på nett enn på papir, så ver særleg varsam om du publiserer på internett.

Andre sine bilete

Den som har teke fotografiet, eig òg rettane til dette. Det er viktig å få løyve til å publisere, og eventuelt betale for bruk av åndsverket til andre. Uansett om ein betaler for bruken eller ei, er det viktig med ein fotobyline, der namnet på fotografens kjem fram.