Mål om 15 000 på Facebook

facebooksaktilkirkeaktuelt586På 16 månader har Facebook-sida til Den norske kyrkja auka med 10 000 følgjarar. No tar vi opp jakta etter danskane!

Med snart 11200 følgjarar har Facebook-sida til Den norske kyrkja opplevd stor vekst det siste året. I april 2015 hadde vi berre 1300 følgjarar.

– Vi har tatt grep og satsa meir på å skape god innhald på Facebook.com/dennorskekirke, fortel nettredaktør Brynjulf Tjønn Lindland.

Dåps- og konfirmantfilmar, salmar, bøner, prekentekst og artiklar om viktige dagar i kyrkjeåret er blant dei mest populære veggpostane for Den norske kyrkja på Facebook.

– Vi får god respons på veggpostar som handlar om tru, seier Tjønn Lindland.

Målet framover er å nå 15 000 følgjarar innan 31. desember 2016.

– Danske Folkekirken.dk har over 20 000 følgjarar på si Facebook-side. Målet vårt er å ta dei igjen i løpet av 2017!

Klarer Den norske kyrkja 15 000 følgjarar på Facebook? Du kan hjelpe til med å like oss på Facebook.com/dennorskekirke!

 

Denne artikkelen er i kategorien Kommunikasjonsarbeid.

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *