Kyrkjefolk

kyrkjefolkbilete586I 2014 intervjua og fotograferte sokneprest Egon Askvik over 100 kyrkjefolk i Leikanger i Sogn og Fjordane. Resulatetet vart samla i bokform og året etter kom «Kyrkjefolk» ut på Skald forlag. Vi har fått løyve til å publisere smakebitar frå denne flotte boka.

Nesten 90 prosent av innbyggjarane i Leikanger ved Sognefjorden er medlemer i Den norske kyrkja, men kva er eigentleg deira forhold til denne institusjonen? Det lurte soknepresten Egon Askvik på. I løpet av eitt år intervjua han og fotograferte over 100 av medlemane – med minst eitt frå kvart alderstrinn.

– Kva ville du med «Kyrkjefolk»?

– Eg ville gje stemme til dei sokalla vanlege kyrkjemedlemane. La dei få seia noko om seg sjølv, trua og tilhøvet dei har til kyrkja. Bodskapen er: Alle stemmene trengs. Alle har noko å tilføra fellesskapet. Kyrkja, representert ved prestar og andre tilsette, må lytta meir, fortel Egon Askvik til kyrkja.no.

kyrkja.no finn du resten av intervjuet med Egon Askvik, samt utdrag frå «Kyrkjefolk».

Denne artikkelen er i kategorien Kommunikasjonsarbeid.

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *