Kven skal styre kyrkja vidare?

Kyrkjevalet_2015_logo_586Komande år er det på nytt kyrkjeval – same dag som kommune- og fylkestingvalet (13. og) 14. september. Det skal veljast både sokneråd og bispedømeråd/Kyrkjemøtet.

Gjennom kyrkjevalet blir det bestemt kven som skal styre kyrkja. Det har mykje å seie for medlemer, kyrkjelydar, kyrkjeleg tilsette, bispedøme og rett og slett heile Den norske kyrkja. Rammene for gjennomføringa av valet finn vi i valreglane som Kyrkjemøtet har vedteke. Soknerådet har ansvaret som valstyre lokalt. Bispedømerådsvalet blir styrt av eit valråd i bispedømet. I kvart bispedøme finst det ein eller fleire personar på bispedømekontoret som jobbar spesifikt med val.

Kven gjer kva?
Soknerådet har ansvar for å gjennomføre valet lokalt. Soknerådet utgjer valstyre og oppnemner i tillegg ein nominasjonskomité. Saman må desse ta ansvar for at mykje av det praktiske arbeidet med valet vert gjort. I dei kyrkjelydane som har tilsett ei kyrkjeverje, dagleg leiar, administrasjonsleiar, sekretær for soknerådet eller liknande, vil denne personen ofte bli den som gjer mykje av det administrative valarbeidet. Kvart sokn bør uansett ha ein person som er administrativt ansvarleg for valet.

Sokneråda bør konstituere seg som valstyre allereie før årsskiftet, og det er lurt å setje av tid til valarbeid det komande året allereie no. Sokneråda skal oppnemne nominasjonskomité med minst tre medlemer allereie innan 1. mars. Dei som har kyrkjeblad bør passe på at det kjem ut på tider som gjer det mogeleg å fortelje om høvet til å stille som kandidat og fortelje om høvet til å setje opp eigne kandidatlister, uavhengig av nominasjonskomitéen. I god tid bør fellesrådet kontakte kommunen for å avtale valstad og vallokale. Det er lovfesta at det skal vere så nær kommune- og fylkestingsvalet sine lokale som mogeleg, men ikkje i same rom.

Økonomi
Kyrkjevalet er ikkje fullfinansiert av staten – det blir løyvd pengar for å dekkje meirutgiftene knytt til lovendringane. I framlegg til statsbudsjett er det forslag om løyvingar tilsvarande dei ein fekk ved valet i 2011. Lokale tilskot skal brukast til godtgjersle av valfunksjonærar, lokale infotiltak, lokal valadministrasjon og valmateriell.

Kven skal stå på listene i Kyrkjevalet 2015? Arbeidet med å finne kandidatar lyt starte no. (Foto: Kyrkjerådet)

Kven skal stå på listene i Kyrkjevalet 2015? Arbeidet med å finne kandidatar lyt starte no. (Foto: Kyrkjerådet)

Nominasjonskomite – bispedømmerådet og Kyrkjemøtet
Det er sokneråda som vel nominasjonskomité for leke medlemer til bispedømeråd og kyrkja nasjonalt. Prosten skal sende innkalling til dette. Ein representant frå kvart sokneråd i prostiet skal møtast for å velje prostiet sin representant og ein vara til nominasjonskomitéen.

Kandidatar til Kyrkjemøtet og bispedømerådet
Bispedømeråda og Kyrkjemøtet er særleg viktige når det skal fordelast pengar, tilsetjast prestar og når det skal gjerast vedtak med føringar for heile Den norske kyrkja, anten det gjeld kva kyrkja skal stå for, planar for trusopplæring eller gudstenestereform. I komande valperiode skal kyrkja finne vegen vidare som sjølvstendig, løyst frå staten. Kva vil det seie å vere kyrkje i vår tid? Korleis skal ein organisere kyrkja og korleis bør soknestrukturen vere i ein eventuell ny kommunestruktur? Dette er nokon av utfordringane framover. Difor treng vi dei beste representantane vi kan få i bispedømeråda og dermed i Kyrkjemøtet. Soknerådet har rett til å foreslå kandidatar, og det er ei viktig oppgåve. Desse forslaga blir grunnlaget for nominasjonskomitéen sitt arbeid. Forslaga har frist til 15. januar, og kandidatane skal spørjast før forslaget blir sendt inn.

Fleire lister
Nytt i 2015 er at det er høve til å fremje eigne lister til bispedømerådsvalet dersom ein ønskjer eit alternativ til nominasjonskomitéen si liste. Det krev 150 forslagsstillarar frå minst tre ulike sokn i bispedømet (maks 50 prosent frå eitt og same sokn). Dersom det ikkje kjem framlegg på alternative lister, vil det innan ein viss frist vere råd å foreslå supplerte kandidatar til nominasjonskomitéen si liste.

 To valordninger – direkte/indirekte val
Bispedømeråda kan sjølve velje anten ei valordning der alle medlemene i bispedømerådet blir valde ved direkte val eller ei valordning der nokre av dei leke medlemene i bispedømerådet (fire) blir valde direkte av alle kyrkjemedlemer medan dei tre resterande blir valde av dei nye sokneråda.

Reglar
Link til valreglane finn de på nettsida her.

Godt val!

 

 

 

Denne artikkelen er i kategorien Kirkeordning, Kommunikasjonsarbeid og tagget , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *