Kva for haldningar har vi?

Frå bokomslaget til "Homo - hore - jøde - terrorist - svarting" - sier vi.

Frå bokomslaget til «Homo – hore – jøde – terrorist – svarting» – sier vi.

Unge veks opp i ei ganske så anna tid enn foreldra sine. Og no i haust er det flyktningar og tilstrømmingar frå andre kulturar som gjer at alle får satt haldningane sine litt på prøve.

Det er ein ny flyktningsituasjon i Noreg og i Europa, samstundes med at vi dagleg høyrer om islamistisk fundamentalisme og terror. Dette kan gjere mykje skade på korleis vi ser på dei framande, dei nye menneska blant oss. Særleg handlar dette om frykt for islam.

Kyrkjeleg dialogsenter saman med Mellomkyrkjeleg råd utvikla for to år sidan eit ressursmateriell kalla «Homo, hore, jøde, terrorist, svarting» – sier vi. Bakgrunnen då var ei undersøking om bruk av bannskap og skjellsord i skulene i Oslo.

Dette relanserast no 1. desember, med til dels nytt innhald tilpassa den siste utviklinga.

– «Sier vi» er no ein nettressurs med mange nye øvingar og element som vi trur er viktig for å arbeide mot frykt og for eit trygt samfunn, fortel Steinar Ims. Han er dialogprest og leiar av Kyrkjeleg dialogsenter i Oslo.

Nytta av fleire
På senteret er dei stolt av materialet og arbeidet som ligg bak. Både Det mosaiske trossamfunn og lærarar i skulen har nytta ressursane dei har utarbeidd.

–          Vi håper fleire ungdom, både i og utanfor kyrkja, vil hente fram tekster og oppgåver vi har satt saman. For det er lov å stille dei vanskelege spørsmåla – frykta er forståeleng, men kva skal vi gjere når vi blir redde for terror og ekstremisme? Kva for kjelder i vår eigen tradisjon stør oss når vi blir redde?

Materiellet er utvida med tydelegare fokus på eiga tru, overtyding og identitet. Det går an å bruke også på tvers av tru og livssyn, og legg vekt på det grunnleggjande i å sjå på andre på ein respektfull måte.

Det nye materiellet finn du her siervi.no

 tegneseriestripe_586

 

 

Denne artikkelen er i kategorien Barn og unge, Diakoni, Internasjonalt, Religionsdialog og tagget , , , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *