Kor er problema?

Vi vil ha færrast mogeleg slike situasjonar i kyrkja vår! (Foto: Kyrkja.no)

Vi vil ha færrast mogeleg slike situasjonar i kyrkja vår! (Foto: Kyrkja.no)

Valkortutsendinga i sommar syna at ikkje alt er på stell i medlemsregisteret i Den norske kyrkja. Slik skal det ikkje vere, og arbeidet med å finne ut kva som er galt, er godt i gang.

Kyrkjerådet sende i går ut brev til alle dei kyrkjelege fellesråda der dei oppmodar til å delta i ei viktig spørjeundersøking. Tema for denne interne høyringa, er korleis føring av dåp, inn- og utmelding gjerast lokalt. Målet med undersøkinga er å finne ut kvifor det er feiloppføringar i det sentrale registeret, og kva vi som kyrkje saman kan gjere for å ha eit mest mogeleg korrekt medlemsregister. Svara skal inngå i ein rapport til departementet no i haust.

E-brevet som blei sendt ut måndag 7. september, finn du her.

Og undersøkinga (i Questback) er her.
Svar er ønska innan 11. september.

Denne artikkelen er i kategorien Gudstjenesteliv, Kirkeordning, Kommunikasjonsarbeid og tagget , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *