Konsekvensar av utmelding

Kyrkjeleg vigsel er eit naturleg val for mange medlemmar. (Foto: Erik Thallaug)

Kyrkjeleg vigsel er eit naturleg val for mange medlemer. (Foto: Erik Thallaug)

Den som melder seg ut av kyrkja, har rett til informasjon om kva som følgjer av utmeldinga. Ein mister både kyrkjelege rettar og plikter.

Her er nokre forklaringar på kva som skjer i kyrkjelege handlingar og spørsmål – med svar. Teksten kan gjerne nyttast i kyrkjeblad.

Kyrkja si oppgåve
Kyrkja si oppgåve er å bringe bodskapen om Jesus Kristus som verdas Frelsar til alle menneske, utan omsyn til dei motiva folk har for å søkje seg til kyrkja sine tenester. Bispedøma, prostia og sokna (= kyrkjelydane) er geografiske einingar som dekkjer heile landet. Alle innbyggjarane i Noreg bur dermed i eit av Den norske kyrkja sine sokn. Den norske kyrkja vender seg mot heile befolkninga. Også utmelde og andre som ikkje er medlemer i Den norske kyrkja, er velkomne til kyrkja sine gudstenester og andre arrangement.

Dåp
Dåp er ei kyrkjeleg handling. Foreldre som er utmelde kan ikkje utan vidare krevja å få sine barn døypte. Barnedåp føreset at barna får oppseding i den kristne trua. Dersom foreldre som står utanfor kyrkja, likevel ønskjer at barnet skal få ei kristen oppseding, kan barnet bli døypt etter nærare avtale med presten. Ein føreset at barn som gjennom dåpen er blitt medlem av Den norske kyrkja, tar del i dåpsopplæringa i kyrkja.

Konfirmasjon
Konfirmasjon byggjer på at konfirmanten er døypt i Den norske kyrkja eller i eit anna kristent trussamfunn. Udøypte kan delta i konfirmasjonsførebuingane, men kan ikkje delta ved forbønshandlinga på konfirmasjonsdagen. Stadig fleire unge, og vaksne, blir døypte  i samband med konfirmasjonen. Talet på vaksendøypte er stigande i dei fleste folkekyrkjene i Europa.

Kan eg gifte meg i kyrkja om eg melder meg ut?
Ikkje nødvendigvis. Kyrkjeleg vigsel kan ein ikkje krevje om ingen av brurefolka høyrer til Den norske kyrkja. At ein av brudefolka er medlem vil normalt være tilstrekkeleg for at vigsel kan skje i kyrkja.

Kan eg vere fadder om eg ikkje er medlem?
Fadder kan normalt bare den være som er medlem av Den norske kyrkja. Ein fadder tek på seg viktige oppgåver når det gjeld den kristelege oppsedinga av den døypte. Som fadder kan ein likevel velje personar som er medlem av eit anna kristent trussamfunn og som ikkje forkastar barnedåpen. Ein fadder skal kunne stadfeste at barnet er døypt, og blir ikkje sletta frå dåpsregisteret i kyrkjeboka sjølv om han/hun melder seg ut av kyrkja.

Kan eg gravleggjast av prest i Den norske kyrkja om eg ikkje er medlem ?
Kyrkjeleg gravferd blir som regel ikkje gjennomført når avdøde har stått utanfor kyrkja. Dersom dei næraste pårørande ønskjer kyrkjeleg medverknad ved gravferda, har presten likevel høve til å forrette kyrkjeleg gravferd.

Kan eg nytte kyrkja som seremonistad til gravferd om eg ikkje er medlem i Den norske kyrkja?
Ja, andre kristne kan be om å få leige kyrkja dersom seremonien blir leia av ein pastor eller forstander i eit anna kyrkjesamfunn. Dersom gravferden ikkje blir forretta etter eit kristent ritual kan ein ikkje bruke kyrkjerommet.

Kan eg melde meg inn att i Den norske kyrkja seinare om eg har meldt meg ut?
Det er fullt ut mogleg å melde seg inn att i kyrkja, og det er dessutan mogleg for folk som før ikkje har vore medlem å melde seg inn. Har du hatt kristen dåp som barn eller vaksen, vil du ikkje bli døypt på nytt når du melder deg inn.

Kan eg røyste i kyrkjevalet når eg ikkje er medlem?
Nei, røysterett ved kyrkjelege val har berre medlemmane i kyrkja. Utmelde kan ikkje delta ved soknerådsval eller røyste på soknemøtet.
Det er berre medlemmer som kan ta på seg kyrkjelege verv. Utmelde kan ikkje bli valde inn i sokneråd, bispedømmeråd, o.l.
Kyrkjelege stillingar må ein vera kyrkjemedlem for å inneha. Det gjeld ikkje berre prestestillingar, men òg organistar, kyrkjetenare, kyrkjeverjer osb.

Dei borgarlege rettane blir ikkje rørte ved inn- eller utmelding av Den norske kyrkja.
Økonomisk har kyrkjemedlemskapen ingen personlege følgjer. Det er ikkje eigen kyrkjeskatt i Noreg. Alle registrerte trus- og livssynssamfunn mottek støtte pr. medlem frå stat og kommune tilsvarande løyvingane til Den norske kyrkja pr. medlem.

Denne artikkelen er i kategorien Kirkeordning, Kommunikasjonsarbeid og tagget , , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *