KKKK – Kristiansund kallar

For to år sidan var forestillinga "Orgelluffen og den forsvunne orgelpipe" ein del av KKKK-festivalen (Foto: Eilif Odde/TIdens krav)

For to år sidan var forestillinga «Orgelluffen og den forsvunne orgelpipe» ein del av KKKK-festivalen (Foto: Eilif Odde/TIdens krav)

Barn – kunst og tru – det er tema i Kristiansund i september. Her blir det seminar for morgondagens – og dagens kulturinteresserte kyrkjegjengarar.


KKKK er den enkle forkortinga for Kristiansund Kirke Kunst Kulturakademi. Saman med Møre bispedømme og Norske kirkeakademier inviterer dei 21. september til eit seminar der kunst i en trosrelasjon blir sett nærare på. Mellom anna vil deltakarane diskutere korleis religionsforankra kunst gjer det mogeleg å bli betre kjent med mysteria i trua.

Fleire foredragshaldarar er klare, mellom anna:
– Kristin Gunleiksrud Raaum, leiar i Kyrkjerådet og generalsekretær i Kirkeakademiene
– Tom Remlov, sjef for Riksteatret
– Ingeborg Midttømme, biskop i Møre
– Amina Sahan, biletkunstnar
– Inger Bakke, kunstnerisk leiar for –høstscena i Ålesund

Programmet for Barn – kunst og tru (foreløpig, nye versjonar blir lagt ut på adressa under når alle namna er bekrefta)

Sjå meir på heimesida til Kristiansand Kirke Kunst Kulturfestival

Denne artikkelen er i kategorien Barn og unge, Diakoni, Gudstjenesteliv, Kultur og tagget , , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *