Inn- og utmelding på nett

id_porten_586Ei  nettbasert løysing der ein kan kontrollere sin eigen medlemskapsstatus i Den norske kyrkja og endre på denne, kjem i august.


Endringar  i Kyrkjelova (§ 3) med verknad frå 1. juli 2016 ga Kyrkjemøtet i oppdrag å fastsetje reglar for framgangsmåten ved innmelding og utmelding av Den norske kyrkja. Kyrkjemøtet 2016 vedtok ei ny forskrift om innmelding i og utmelding av Den norske kyrkja. Denne forskrifta trer i kraft 15. august 2016.

Desse endringane i kyrkjelov og forskrift om innmelding i og utmelding av Den norske kyrkja er i hovudsak gjort med tanke på innføring av nettbasert løysing for inn- og utmelding.

Kyrkjerådet har utarbeidd ei slik løysing. Alle personar i Noreg med tilgang til ID-porten vil der kunne logge seg på for å kontrollere medlemskapsstatus i Den norske kyrkja og eventuelt melde seg inn i eller ut av denne.

Løysinga blir teken i bruk 15. august 2016. Det blir lenka til ID-porten frå kyrkja.no/medlem

Det vil sjølvsagt framleis vere mogeleg å gjere inn- og utmeldinger med skjema innsendt til det lokale kyrkjelydskontoret, slik det har vore fram til no. Den nye løysinga gjennom ID-porten er eit supplement.

Vi syner til rundskriv nr. 3-2016 frå Kyrkjerådet der det blir orientert nærare om dette. Dette rundskrivet er datert 1. juli 2016.

Sjå rundskrivet her.

Sjå òg Forskrift om innmelding i og utmelding av Den norske kyrkja (vedtaket i kyrkjemøte-sak KM 20/16 med merknader frå kyrkjemøtekomiteen)

Denne artikkelen er i kategorien Kommunikasjonsarbeid og tagget , , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *