Full fart med valregistrering

Kyrkjerådet sit parat for å hjelpe til med ufylling i valmodulen. (Foto: Wikimedia Commons)

Kyrkjerådet sit parat for å hjelpe til med ufylling i valmodulen. (Foto: Wikimedia Commons)

Kyrkjevalet nærmar seg, og mykje informasjon må på plass før valkorta blir sendt ut til 3,1 million medlemer. Er alt på stell i ditt sokn?

Alle kandidatnamn og anna informasjon til soknerådsvala skal vere lagt inn i valmodulen no, fristen var 1. juni. Men om nokon ikkje har rukke det enno, er det hjelp å få. Kyrkjerådet har ope på kveldstid både onsdag og torsdag denne veka, altså 3. og 4. juni, om du treng hjelp med å legge inn namna.

Kveldsope
Desse to dagane, 3. og 4. juni, kan du fram til klokka 20 ringe 23 08 12 50 om du har eit problem med valmodulen i Dei kyrkjelege registra.

Informasjon som skal inn i valmodulen er informasjon om kor og når ein kan røyste, det skal vere ei oversikt over kandidatane med namn, alder, yrke og bustad.

Ikkje bra nok
Fristen for å registrere alle opplysningar om tid og stad for kyrkjevalet gjekk altså ut måndag 1. juni. Tysdagen etter er det framleis 336 sokn som ikkje har byrja å registrere, og ytterlegare 379 sokn som ikkje har gjort ferdig registreringa si. Altså står meir enn halvparten av kyrkjelydane att med ikkje fullført registrering.

Dersom opplysningar ikkje blir registrert, er resultatet at valkorta til medlemene ikkje fortel om tid og stad, og det vil også mangle informasjon om kandidatane til soknevalet.

Kyrkjerådet oppmodar alle til å prioritere dette foran andre oppgåver og alle opplysningar MÅ registrerast så snart som råd er.

 

Denne artikkelen er i kategorien Kirkeordning og tagget , , , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *