Forbetra økonomi i kyrkjebladet

Fleire annonsar gir betre økonomi - og truleg eit betre produkt til lesarane. (Foto: Kyrkjerådet)

Fleire annonsar gir betre økonomi – og truleg eit betre produkt til lesarane. (Foto: Kyrkjerådet)

Dei fleste kyrkjeblada har annonsar som viktig inntekt. Men det kan vere stridt å få inn gode pengar på denne måten. Her er eit tips som kan hjelpe dykk.

Nye firma
Mange annonsørar er faste over fleire år, og det er sjølvsagt vel og bra. Men så kan det vere klokt å fornye litt og få eit breiare tilfang av annonsørar. På nettstaden www.informa.no er dei lokale næringslivaktørane lista opp. Her kan du berre skrive postnumra for kyrkjebladet, og ei rekkje firmanamn lokale dukkar opp. Då veit du kor du kan vende deg for nye annonsekroner.

Ærlege salstriks
Det er også gode argument for å ha annonse i det trykte kyrkjebladet. Den ferske undersøkinga om kyrkjeblad, skrive av Magnhild Landrø, syner at heile 80 prosent av dei som får eit kyrkjeblad i posten, les det. Og over halvparten av lesarane seier at dei lar bladet ligge framme i heimen ei god stund for dei kastar det.

Det er med andre ord lang levetid på annonsane i kyrkjebladet ditt, og med ein stor lesarskare er dette eit marknad mange truleg vil vere glade for å kome inn på.

 

Denne artikkelen er i kategorien Gudstjenesteliv, Kommunikasjonsarbeid, Kultur og tagget , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *