Følg med på Kyrkjemøtet

km2016_586Onsdag 6. april er det klart for Kyrkjemøtet 2016. Det går føre seg i Trondheim, men du treng ikkje vere der for å få med deg det som skjer.


Alle plenumssamlingane blir send direkte, eller streama, på kyrkja.no/km2016.

På årets kyrkjemøte er to av tre innvalde delegatar med for fyrste gong, etter at kyrkjevalet 2015 mobiliserte fleire til valurnene enn tidlegare år. Kvar femte delegat er under 30 år gamal, og snittalderen på kyrkjerådsdelegatane var 47,5 år da dei blei vald inn.

Sjå oversikt over alle delegatane her.

Finn ut meir om kva for sakar som skal opp i år, og kva som skjer dei ulike dagane i Trondheim, ved å lese på kyrkja.no.

Bli med på gudsteneste
Opningsgudsteneste i Nidarosdomen onsdag 6. april kl 12 og gudsteneste i Nidarosdomen søndag 10. april kl. 11 er opne for alle. Det vil også vere avslutningsgudsteneste i Bakke kyrkje tysdag 12. april kl. 0830.

Sosiale medier frå Kyrkjemøtet
Følg også med på Twitter (Den norske kirke) og Instagram (kirken.no), der bilete og tweets vil bli merka med #kirkemøte, #gladikirken og #deletro, og Facebook (Den norske kirke).

Denne artikkelen er i kategorien Kommunikasjonsarbeid og tagget , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *