Finn ein kyrkjelydsvenn i sør

Å finne ein vennskapskyrkjelyd er kanskje den beste måten å bevisstgjere at vi er ein del av den verdsvide kyrkja. I Lilleborg i Oslo har dei kjent på det i 14 år. I oktober kan du delta på Vennskapskonferansen i Stavanger og komme i gong med prosjekt i eiget sokn.

Det er ofte litt enklare med friluftsgudsteneste i Sør-Sudan enn i Noreg. (Foto: Lilleborg kyrkje)

Sokneprest Signe Fyhn i Lilleborg kyrkjelyd fortel om eit langt samarbeid med Dangaji church i Mabaan i Sør-Sudan. Men først dei siste fire åra har kyrkjelyden halde til i Mabaan i det landet som frå i fjor heiter Sør-Sudan. Tidlegare budde dei som internflyktningar i Khartoum i Sudan. Oslo-kyrkjelyden har vitja baptistkyrkjelyden fire gonger, og besøk den andre vegen har skjedd like mange gonger.

Nokon som ser deg
– Dette er eit vennskap begge partar har nytte av. Det er likeverdig så godt det lar seg gjere med dei ulike utgangspunkta vi har i Noreg og Sør-Sudan. For oss alle er det fint å bli sett av nokon frå utsida og føle at vi høyrer til i den verdsvide kyrkja. Begge kyrkjelydane ber sjølvsagt for vennskapskyrkjelyden i kvar gudsteneste. Vitjingane har for begge partar vore det viktigaste gjennom åra. Då har vi verkelig vorte kjent med kvarandre. Venskapen er ikkje økonomisk basert, men vi ofrar jamleg til dei sidan dei har ikkje så mykje økonomiske ressursar no når dei er i ferd med å bygge landsbyen sin frå bar bakke. Enno er det store vanskar av di dei bor så nær grensa og mange avtalar mellom Sudan og Sør-Sudan ikkje er ferdig forhandla. Då vi skulle vitja dei i vår, var ikkje dette mogeleg grunna bombing langs grensa. Vi måtte difor ha møta i Juba.

Sudanesarar i Noreg
Gjennom venskapen har vi og vorte vener med mange her i Noreg som har røter i Sudan og Sør-Sudan.
– Saman med dei har vi vore med på å arrangere gudstenester, minnestunder og festar ved viktige høve dei siste åra. Då har det kome sudanarar frå fleire stadar i landet for å vere med. Grupper plar òg låne lokalar her når dei skal samlast til møter.

Sokneprest Signe Fyhn og pastor Philip har glede av vennskapen med kvarandre. (Foto: Lilleborg kyrkje)

Reisestønad er mogeleg
Lilleborg har ikkje økonomiske middel til å sende representantar i kyrkjelyden på jamne besøk til Sør-Sudan. Kyrkjelyden har vore avhengig av finansiering frå fleire kjelder. Ei av dei har vore gjennom Vennskap Nord/Sør ein organisasjon som får statlege middel frå Norad. Det har vore forskjellige støtteordningar gjennom åra. Akkurat no heiter ordninga «lokalsamfunn-samarbeid». Det leggjas vekt på at kyrkjelydane skal planlegge og gjennomføre vitjingar og arrangement i fellesskap. Også planlegginga skal skje i fellesskap. Vi måtte no ha «partnarmøte» med deira representant i Juba. Søknadsfristen for å få pengar til felles opplegg i 2013 er 1. desember i år.

Vel god dialog
Det er ingen tvil om at vennskapen betyr mykje for kyrkjelyden i Noreg, men soknepresten har eit råd til dei som tenkjer å gå i gang med det same.
– Eg vil nok tilrå å starte med kyrkjer i område som er meir tilgjengeleg enn vårt. No for tida er det så ustabile kommunikasjonsliner, at vi slit med å halde ein god dialog. Ved vår siste vitjing i april, kunne vi ikkje reise heilt fram til venene våre fordi det var krigsliknande tilstandar der. Vi fekk møte prest David Demey i Juba og hadde gode samtalar, men det beste hadde sjølvsagt vore å møte kyrkjelyden og knytte tettare band der. Andre stader i Sør-Sudan er meir utbygd.

Les meir om samarbeidet på heimesida til Lilleborg sokn. Her finn du òg vennskapsavtalen som heile vennskapen byggjer på

Er dette noko som kan passe i din kyrkjelyd? Les meir om konferansen i Stavanger.

Konferansen er et samarbeid mellom Noregs Kristne Råd (NKR)/Global info, Mellomkyrkjeleg råd (MKR)/Den norske kyrkjas nord/sør-informasjon, Samarbeidsråd for menighet og misjon (SMM) og Stavanger bispedømme.

 

Denne artikkelen er i kategorien Gudstjenesteliv, Internasjonalt, Kommunikasjonsarbeid, Økumenikk og tagget , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *