Enklare Einingsregister

einingsregisteret_586Enklare rutinar for endringar i Einingsregisteret er no på gang, det bør vere til glede for alle.

Lokalkyrkjelege organ har til no vore pålagde å nytte seg av papirskjema for å endre sine opplysningar i Einingsregisteret. Dette har vore tungvint. Brønnøysundregistra har i samarbeid med Statistisk sentralbyrå (SSB) no utvikla eit elektronisk verktøy for endring av opplysningar som også sokneråd og fellesråd kan nytte.

Kyrkjerådet gjer greie for denne endringa i rundskriv nr. 2-2016 til soknekontora og dei kyrkjelege fellesrådskontora.
Sjå rundskrivet her

Verktøyet for elektronisk registrering for blant anna sokn og fellesråd, Registrering for einingar i offentleg forvalting, finn ein på nettsida her.

Nettsida kan ein òg søkje opp gjennom www.altinn.no, under menyen Skjema og tenester.

Betre kvalitet no
Stadig fleire løysingar er avhengige av oppdaterte opplysningar i Einingsregisteret. Kyrkjerådet vonar det nye verktøyet kan medverke til at kvaliteten på opplysningar om kyrkjelege råd no blir heva. Alle einingar er pålagde å ha oppdaterte opplysningar i Einingsregisteret, og det er opplysningane i Einingsregisteret som ligg til grunn for alle dei katalogane med adresse- og kontaktinformasjon Kyrkjerådet nyttar. I Kyrkjerådet peiker ein på at det er særs viktig at post- og besøksadresse, webadresse og e-postadresse er korrekt registrert i Einingsregisteret.

Denne artikkelen er i kategorien Kirkeordning, Kommunikasjonsarbeid og tagget , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *