– Eg gjer dette for barna

torsingsaas586

Biskop Tor Singsaas er blitt ambassadør for Fosterheimtenesta i Trondheim og får skryt av ordførar Rita Ottervik for innsatsen.

Då Bufetat tok kontakt med biskop Tor Singsaas om å bil amabassdør for Fosterheimtenesta i Trondheim, så var han ikkje i tvil.

– Det er særs viktig å vere med på å skaffe gode og trygge fosterheim for barn som av ulike grunnar ikkje kan bu heime, fordi det kan vere til uoppretteleg skade for dei. Eg gjer dette for barna si skuld, seier Singsaas til kirkeaktuelt.no.

– Kva er di fremste oppgåve som ambassadør?
– Først og fremst stadig å halde fram naudsynet for nye fosterheim som ei utfordring til oss vaksne, som veit med oss sjølve at vi kan skape ein god fosterheim for eit barn som treng trygge og ansvarlege vaksenpersonar i livet sitt.

– Tykkjer du at kristne har ekstra ansvar for å stille opp som fosterforeldre?
– Eg tenker at dette er ei særdeles meiningsfull oppgåve for alle vaksne menneske, og at bekjennande kristne finn ei god begrunning og motivasjon i Bibelen. Jesus utfordrar oss til å ta imot barna – og når vi gjer det i hans namn – tek vi imot Jesus sjølv. Jesus Kristus viser ein særdeles sterk solidaritet knytta til barna. Det er tankevekkande.

Alle treng å elske - og bli elska. (Foto: Kyrkjerådet)

Alle treng å elske – og bli elska. (Foto: Kyrkjerådet)

Symboltungt og viktig
Ordfører i Trondheim kommune, Rita Ottervik, er veldig nøgd med at biskop Singsaas er ambassadør for Fosterheimtenesta.

– Eg synest han gjer ein strålande jobb. Det passar også særs godt inn i bodskapen han er spesielt god til å lyfte fram knytta til barn og unge. Han formidlar sterkt og godt både om barn og unge og til same målgruppe, seier Ottervik til kirkeaktuelt.no

– Kva trur du det betyr at biskopen er ambassadør?
– Det er både symboltungt og viktig at biskop Tor Singsaas er fosterheimambassadør. Han viser at dette arbeidet betyr mykje og han har ei viktig stemme både inn mot tilsette i kyrkja og inn mot kyrkjelydane i bispedøme.

– Kvifor er det viktig at Den norske kyrkja engasjerer seg i slike saker?
– Kyrkja er ein stor samfunnsaktør som kan bidra fordi den har både mange tilsette og mange som blir nådd gjennom kyrkja sine aktiviteter. Å ta vare på barn og menneske som treng omsorg og omtanke er jo sentralt i arbeidet til kyrkja og då bør rekruttering av fosterheim bli enda meir sentralt. Eg brukte også stunda på Kyrkjemøtet til å takke for utfordringa kyrkja har gitt til oss til å ta imot fleire flyktningar i kommunen, samstundes som eg utfordra kyrkja spesielt til å hjelpe kommunane med fosterheim for einslege mindreårge asylsøkarar. Menneske som treng både komunens omsorg og medmenneske sin innsats, fortel Ottervik.

Denne utfordringa støttar biskopen fullt ut.

– Dei einslege mindreårige asylsøkarane er spesielt sårbare. Tenk på kva dei har gjennomlevd på flukten gjennom Europa, kor dei sannsynlegsvis har mista kontakten med sine foreldre, søsken, slekt og venter. Tenk å bli fullstendig overlatt til seg sjølv, som barn. Eigentleg utlevert til ukjende vaksne undervegs i flukten, som ikkje alltid vil dei det beste. Dei må ha opplevd noko ufatteleg, som dei lever konstant med, som ein intens smerte inni seg. Sakn, frykt, angst og redsel. Dei treng inderleg vår kjærleik og omsorg. Ein god og trygg heim er det beste vi kan gi dei, seier Singsaas.

Denne artikkelen er i kategorien Barn og unge, Diakoni, Kommunikasjonsarbeid.

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *