Effektiv handsaming

På Kyrkjemøtet i Kristiansand var det skriftleg avstemning i saka om vigsel for likekjønna. (Foto: Kyrkjerådet)

På Kyrkjemøtet i Kristiansand var det skriftleg avstemning i saka om vigsel for likekjønna. (Foto: Kyrkjerådet)

Kyrkjemøtet blei avslutta no sist tysdag. Saka om vigsel for likekjønna i Den norske kyrkja har engasjert, og mange tusen har trykt på kyrkja si inn- og utmeldingsside på internett.

Gjennom sosiale media og aviser, radio og tv har mange meldt at dei no har sendt inn utmeldingsskjema til sitt soknekontor.

Effektiv stab
Ole Inge Bekkelund er direktør i Avdeling for kyrkjeordning. Han er oppteken av at dei innkomne utmeldingane blir registrert raskt.
– Forvaltningslova forpliktar oss til å svare innan tre veker. Men eg vil oppmoda alle kyrkjebokansvarlege om å handsame utmeldingane utan ugrunna opphald. Vi ynskjer ikkje å få færre medlemer i Den norske kyrkja, men skal sjølvsagt ikkje bruke meir tid enn naudsynt på å registrere desse utmeldingane.

Ikkje la folk vente
Vanleg prosedyre er at alle utmelde får ei stadfesting på dette i posten. Det er også viktig å få denne ut til dei nyleg utmelde så raskt som mogeleg, for å unngå at dei må kontakte kyrkjekontoret fleire gonger om same sak.

Her kan du lese og sjå meir om Kyrkjemøtet.

 

 

 

Denne artikkelen er i kategorien Gudstjenesteliv, Kirkeordning, Kommunikasjonsarbeid og tagget , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *