«Det gode møtet» i Hamar

hamar_haandtrykk_586Hamar bispedømme har satt seg føre å gjere meir for flyktningane i bispedømmet. No har de delt ut heile 200 000 kr til prosjekt som fremjar dei gode møta mellom innlandsfolket og dei nye borgarane.

Heile 19 tiltak har fått midlar under overskrifta «Det gode møtet». Fantasirikdomen var stor i søkjerbunken; syklubb for kvinner, quiz og taco-kveld, dialogkveld der unge møter unge, eigne grupper for menn, tiltak knytt til barn og unge i trusopplæringa, musikal-prosjekt og felles middagar. Alle tiltaka inneheld planar for integrering og i samhandling med det offentlege, frivillig sentralar, lag og foreiningar, andre kyrkjesamfunn og ulike mottak.

Les meir på heimesida til Hamar bispedømme.

Denne artikkelen er i kategorien Diakoni, Gudstjenesteliv, Internasjonalt, Kultur, Religionsdialog og tagget , , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *