Bli proffare dirigent

Klar for å bli betre på å gjere ein god jobb foran barnekor? (Foto: Kyrkjerådet)

Barnekor og kyrkje er som brød og vin, dei høyrer saman. Er det på tide å gi fagleg påfyll til korleiaren?

Knapt noko arbeid i den lokale kyrkjelyden er så vanleg som barnekor. Ofte er det kantoren som dirigerer koret, ein annan med musikkutdanning, eller det kan vere kompetente amatørar.

På Høgskulen i Volda er det no mogeleg å søkje om plass på den einaste vidareutdanninga i barnekorleiing i heile landet. Studiet er såkalla «samlingsbasert» og går over halvanna år med eksamen i mai 2015.

Les meir om studiet på Ung kirkesang sin heimeside sang.no. Frist for å søkje er 1. november.

 

Denne artikkelen er i kategorien Gudstjenesteliv, Kirkemusikk og tagget , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *