Bibelgåve til Cuba

Barnebibelen «Amigos por siempre» («Vener for alltid») er særs populær mellom born og unge på Cuba. Gåvene som blir givne i samband med 200-årsjubileet til Bibelselskapet går til å trykke og distribuere denne bibelutgåva. Ho inneheld heile bibelteksten, med illustrasjonar. Bildet er frå ei pinsekyrkje i Havanna, der to jenter på første benk blar i dei nye barnebiblane sine. (Foto: Dag K. Smemo)

Barnebibelen «Amigos por siempre» («Vener for alltid») er særs populær mellom born og unge på Cuba. Gåvene som blir givne i samband med 200-årsjubileet til Bibelselskapet går til å trykke og distribuere denne bibelutgåva. Ho inneheld heile bibelteksten, med illustrasjonar. Bildet er frå ei pinsekyrkje i Havanna, der to jenter på første benk blar i dei nye barnebiblane sine. (Foto: Dag K. Smemo)

I mange land var Bibelen tidlegare ei forboden bok. Men nett i desse landa ser vi i dag at mange ønskjer seg ein bibel. Både i Kina og på Cuba aukar talet på kristne sterkt. På Cuba er det ein million menneske som ønskjer seg ein bibel.  

I høve 200-årsjubileet ønskjer Det Norske Bibelselskap at takkofferet ved gudstenestene går til folket på Cuba. Det første bibelselskapet vart skipa i 1804, og Det Norske Bibelselskap nokre år seinare, i 1816. Bakgrunnen var den store bibelmangelen i Noreg. Berre fire prosent av innbyggjarane eigde sin eigen bibel då.

Stor bibelspreiing
Det Norske Bibelselskap er del av ein stor familie.  I 2014 vart det trykt og distribuert 34 millionar biblar gjennom alle desse bibelselskapa, og dessutan 450 millionar bøker med større eller mindre delar av Bibelen. I dag finst det 147 bibelselskap som arbeider i meir enn 200 land. Alle har den same visjonen: Bibelen for alle. I mange land opplever dei enno den same situasjonen Noreg hadde i 1816 – stor bibelmangel og låg kjøpekraft. I jubileumsåret er det difor ekstra viktig å støtta det globale bibelarbeidet.

På grunn av trufaste givarar er Det Norske Bibelselskap i stand til å stø trykking og distribusjon av biblar i nærare 50 land. Den største delen går til biblar i Kina, på Cuba og i Ukraina. Ingen andre land gir så mye til bibelarbeidet som Noreg, målt etter talet på innbyggjarar.

Ei brukandes bok
I dag finst det ein bibel i dei fleste heimar i Noreg. Utfordringa her i landet er difor ei anna: Å hjelpe folk til å bruke Bibelen. Å «opne Bibelen for alle» er målet for Bibelselskapet. I sitt program for 200-års jubileet presenterar Bibelselskapet mange saker som gir inspirasjon til å ta Bibelen i bruk.

 

 

Denne artikkelen er i kategorien Gudstjenesteliv, Internasjonalt, Kultur, Økumenikk.

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *