29 millioner til lokalt valarbeid

Tusenvis av kroner ligg og venter på å bli brukt i kyrkjevalet lokalt. (Foto: Noregs bank)

Tusenvis av kroner ligg og venter på å bli brukt i kyrkjevalet lokalt. (Foto: Noregs bank)

Kyrkjerådet sender no brev til dei kyrkjelege fellesråda om tilskot til gjennomføring av Kyrkjevalet. Utbetalinga av tilskotet er sett til 15. august. Då blir 29 millionar kroner overførte til dei 430 kyrkjelege fellesråda.

Pengane skal gå til dei lokale valstyrene og er meint å dekke kostnader til godtgjersle til valfunksjonærar, informasjonstiltak, valmateriell (mellom anna trykking av røystesetlar) og annan lokal valadministrasjon.

Tidsrommet mellom brevet om tildeling og fram til sjølve utbetalinga gjer det mogleg å melde tilbake om feil i registrerte kontonummer eller andre feil i breva om tildeling.

Kyrkjerådet har tidlegare signalisert at tilskot til kyrkjevalet 2015 vert på nivå med valet i 2011 (jf. rundskriv 2-2015). I brevet frå Kyrkjerådet går det fram at alle tildelingar har fått eit løft godt over indeksjustering.

Tildelingsnøkkelen er tilsvarande den som vart nytta ved dei to førre kyrkjevala. Kvart sokn vil få kr 10000 i grunnstøtte, og det vil i tillegg bli utbetalt kr 3 pr. røystefør medlem. Vidare vil det bli utbetalt kr 4300 pr. røystekrins i kommunen som overstig talet på sokn i kommunen. Dei sokna som gjennomfører valting to dagar, får ein tilleggsstøtte på kr 2000. Dersom det er overskytande røystekrinsar som har val begge dagane, vert også dette kompensert med kr 2000 pr. røystekrins.

 

 

 

Denne artikkelen er i kategorien Kirkeordning og tagget , .

Si din mening

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *